Testing, testing
1980-talet var glanstid for ingeniørmodellar og visningsmodellar, men det blei òg laga andre typar modellar. Modellar som ikkje skulle visualisere avanserte teikningar eller gjere det enklare for folk å forstå kva ei plattform var.
Desse andre modellane var enklare, og laga for å teste sånt som vind- og bølgjeforhold, lasteevne og tyngdepunkt og kor djupt plattforma kunne ligge i vatnet under flytting.
Modelltesting var ikkje eit nytt fenomen på dette tidspunktet, men tvert imot noko som blei gjort med nye typar konstruksjonar. Sjølv i dag med god tilgang til ulike programvarer og IT-teknologi, er det framleis nødvendig å gjere testar med nye typar konstruksjonar. Programvarer kan hjelpe oss med å teste det vi allereie veit, men datagrunnlaget til slike programvarer er basert på modelltesting.[REMOVE]Fotnote: Steen, Sverre et. al, «Stort behov for modelltesting i basseng» i Aktuelt frå NTNU, 10. juni 2024. https://www.ntnu.no/norskhavteknologisenter/stort-behov-for-modelltesting-i-basseng Lasta ned 25. november 2025.
Tre testforsøk er skildra i magasinet Statoil i høvesvis 1982, 1983 og 1988. Felles for dei tre er nettopp at dei alle innebar noko nytt som ikkje tidlegare hadde blitt testa – eller som ein meinte det var mogleg å lære meir om. Fyrst ut var vindforholda på Gullfaks A.
Trolske stormar
På modellverkstaden til Nation Maritime Institute i utkanten av London blei det laga ein modell som skulle vindteste plattforma. Hensikta med modellen var å teste korleis vindforholda påverka modellen, til dømes knytt til korleis vindforholda ville verke inn på helikopter som skulle lande og lette, samt forhold knytt til ventilasjon.[REMOVE]Fotnote: Hansen, Thorvald Buch. «Kunstig storm for miniplattformen» i Statoil. 1982, vol. 4, nr. 2, s. 4-8.

Gullfaks A-modellen som blei laga i 1983 var – samanlikna med andre modellar frå same periode – ein enkel modell i tre og plast. Modellen blei så måla grå.
Fargen var ikkje tilfeldig. Saman med den falske vinden blei det nemleg slept ut fordampa olje. Denne «røyken» var mest synleg opp mot den grå modellen.
Modellen blei utsett for vind av ulik styrke. På instituttet var det mogleg å teste forholda frå alt frå frisk bris til langt over orkan. Modellen var montert på ei skive som kunne dreiast. På den måten målte ein vind frå ulike retningar.
Målingane blei registrert og prosessert av ein datamaskin.
Vic Quincey hadde ansvaret for testane som blei gjort i vindtunnelen. Ifølgje han var det særleg to ting dei testa: Vinden sin påverknad på plattforma og plattforma sin påverknad på vinden. Resultatet ville spele ei rolle for korleis Gullfaks A blei sjåande ut. Målet var ei plattform som var trygg og hadde høg trivsel.[REMOVE]Fotnote: Hansen, Thorvald Buch. «Kunstig storm for miniplattformen» i Statoil. 1982, vol. 4, nr. 2, s. 4-8.
For lastebøya var målet eit anna.
Mål: Ei enkel lastebøye
«- Hensikten med en slik test er å få bekreftet at de teoretiske beregningene stemmer med virkeligheten.» Det fortalte Tom Grove Knutsen og Jan Ingar Knudsen. Begge var knytt til Statoil sitt Gullfaks A-prosjekt og begge deltok då modellen av lastebøye blei testa i havbassenget i Trondheim, hausten 1983. Vidare fortalte dei at dei heller ville ha eventuelle overraskingar på modellstadiet, framfor å få dei når lastebøya var ferdig.[REMOVE]Fotnote: Lange, Odd Jan. «Ny lastebøye i grundig test» i Statoil. 1983 Vol. 5 Nr. 4, s. 32.
Lastebøya som skulle byggast som eit knutepunkt for lasting av olje frå Gullfaksfeltet, var på mange måtar lik tilsvarande lastebøyer, til dømes bøyer som blei brukt på Statfjordfeltet.
Når det likevel blei bestemt å gjennomføre testar, testar med ein modell i målestokk 1:50, var det nettopp for å få verifisert dei teoretiske forhold, sånt som matematiske modellar ikkje fangar opp. Vidare var det gjort nokre endringar på Gullfaks-bøya, i forhold til Statfjord-bøyene. Dette måtte òg testast.

Døme på skilnadar var at Gullfaks-bøya var enklare med færre funksjonar. Målet hadde vore å fjerne alt det som var unødvendig og fordyrande, både i produksjon av bøya, men òg når det kom til vedlikehald. Fjerning av utstyr, gjorde bøya lettare, noko som i sin tur førte til at bøya sitt fundament kunne vere lettare. Kor lett det kunne vere, var det greitt å teste.
Bøya sitt helidekk var òg plassert noko annleis, noko meir til sida. Korleis ville det mindre sentrerte helidekket bli prega av vind- og bølgjeforholda?
Forholda mellom bøya og lasteskipet blei òg undersøkt, lasteskipet skulle trass i alt ankrast fast i bøya under lasting.
Til saman blei 34 testar gjennomført. Testane viste at dei teoretiske utrekninga i stor grad var korrekt utført. Ingen store overraskingar blei avdekka.[REMOVE]Fotnote: Lange, Odd Jan. «Ny lastebøye i grundig test» i Statoil. 1983 Vol. 5 Nr. 4, s. 34.
Fem år seinare, i 1988, blei det laga ein modell av Gullfaks C. Eitt år seinare skulle nemleg verdas – så langt – tyngste og høgast plattform flyttast.
Kor djupt kan den gå?
Statoil ønska at Gullfaks C under flyttinga frå Stord og ut til feltet, skulle stikke så djupt som mogleg. Bakgrunnen for dette ønsket var at dess djupare ned i sjøen plattforma stakk, dess tyngre last kunne plattforma ha utan at den blei for topptung. Og dess meir last som var på plattforma under transporten, dess mindre var det behov for å laste om bord etter at plattforma var sett ned på feltet.
Den mest openbare avgrensinga for kor djupt plattforma kunne stikke i sjøen, var naturlegvis kor djupt det var under reiseruta frå Stord og ut til feltet. Fjorden Langenuen som plattforma skulle passere, aust for Stord, var 215 meter på det djupaste. Kunne plattforma likevel senkast ned til 205 meter utan fare for å gå på grunn?

Det ville mellom anna avhenge av kor mykje virvelrørsler rundt plattformskafta fekk plattforma til å vippe fram og tilbake. For mykje vipping auka sjansen for grunnstøyting. Kanskje kunne noko av dette regulerast ved hjelp av fart. Fire hastigheiter, frå 0,8 til 2 knop, blei testa ut.
Testingane blei gjennomført i Maritime Research Institute Netherlands i Wageningen, kor dei hadde eit basseng som var langt nok for desse undersøkingane.
Resultatet av undersøkingane kjem ikkje endeleg fram i artikkelen i 1988, anna enn at det blir skrive at resultatet av undersøkingane vil avgjere kor mykje dekksvekt Gullfaks C kan ha med seg til havs.[REMOVE]Fotnote: «Reisen til havs» i Statoil. 1988, vol. 10, nr. 2, s. 25.
Dei tre store undersøkingane som blei gjennomført gjennom 1980-talet var kvar på sin måte med å redusere utgifter, auke tryggleik og bevise matematiske utrekningar. Ulike former for testing gjorde at det mogleg å unngå dei store skjæra i sjøen – både bokstaveleg og reint metaforisk.
