Produksjonsstart for Vigdis
Vigdisfeltet er bygd ut med sju havbotnsrammer og to satellittbrønnar, som alle er kopla til Snorre A. På denne plattforma er det ein eigen Vigdis-modul som blei heist på plass i august 1996.
Vigdis-gassen blir ført ned i Snorre-reservoaret, medan olja blir prosessert før den blir sendt vidare til Gullfaks A. Her blir olja lagra før den blir transportert ved hjelp av skip.
Vigdis blei påvist allereie i 1986 og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1994, men produksjonen starta altså ikkje opp før i 1997.[REMOVE]Fotnote: «Vigdis» på Norsk Petrolum, https://www.norskpetroleum.no/fakta/felt/vigdis/ Lasta ned 18. desember 2026.
At det gjekk så lang tid frå funn til produksjon, har sannsynlegvis samanheng med at produksjonen fyrst kunne skje når det blei plass til prosessering og lagring på høvesvis plattformene Snorre A og Gullfaks A.
Les meir om felt som leverer til Gullfaks i artikkelen med same namn.
Fakkelen sløkkaOmbygging på Gullfaks A
