Produksjonsstart for Tordis
Tordisfeltet var opphavleg eit Saga-operert felt, men har per 2026, i fleire år hatt Equinor som operatør.
Tordis blei påvist i 1987, plan for utbygging og produksjon (PUD) blei godkjent i 1991, og produksjonen starta i juni 1994.[REMOVE]Fotnote: «Tordis» på Norsk Petrolum https://www.norskpetroleum.no/fakta/felt/tordis/ Lasta ned 6. januar 2026.
Feltet er bygd ut med ein havbotnmanifold som er knytt til Gullfaks C. Her blir brønnstraumen prosessert, før olja blir transportert via skip og gassen blir sendt i røyrleidning til land.
Feltet har blitt utbygd ved fleire tilfelle, til dømes med oppstart for Tordis Øst i 1998, Borg (1999) og Tordis Søraust i 2001. Alle desse funna blir rekna som ein del av Tordis.

