Produksjonsstart for GullveigGullfaks Sør, fase I fullført

Produksjonsstart for Rimfaks

person Julia Stangeland
7. februar 1999 starta produksjonen frå Rimfaks. Olja frå området blir sendt til Gullfaks A, medan gassen blir sendt til Gullfaks C.
— Frå den gule brønnramma starta produksjonen frå Rimfaks. Seinare har området blitt utvida med fleire brønnrammer, for både olje- og gassproduksjon. Næraste plattforma i illustrasjonen er Gullfaks A, med Gullfaks B til venstre og Gullfaks C til høgre. Illustrasjon: Equinor
© Norsk Oljemuseum

15 kilometer sør for Gullfaks A ligg Rimfaks. Rimfaks produserer olje og gass ved hjelp av havbotninstallasjonar. Den fyrste installasjonane stod klar i februar 1999.[REMOVE]Fotnote: «Gullfaks Sør» på Norsk Petroleum. https://www.norskpetroleum.no/fakta/felt/gullfaks-sor/  Lasta ned 6. januar 2026.

Produksjonsstart for Rimfaks markerer fullføringa av andre etappe i utbygginga av feltet Gullfaks Sør, som Rimfaks er ein del av. Rimfaks starta opp kort tid etter Gullveig og ein knapp månad før fase I var fullført.

Feltet Gullfaks Sør har etter fullføringa av fase I, blitt utbygd og oppgradert fleire gonger. Den viktigaste av desse utbyggingane er den som blei gjort for at feltet skulle kunne produsere meir gass.

Brønnstraumen frå Gullfaks Sør går til Gullfaks A og C. Begge plattformene blei ombygd for å kunne ta imot ny brønnstraum.

Produksjonsstart for GullveigGullfaks Sør, fase I fullført
Publisert 8. januar 2026   •   Oppdatert 9. januar 2026
© Norsk Oljemuseum
close Lukk