Ombygging på Gullfaks AProduksjonsstart for Rimfaks

Produksjonsstart for Gullveig

person Julia Stangeland
10. oktober 1998 starta produksjonen på Gullveig, noko som markerer produksjonsstart for Gullfaks Sør.
— Lisenshavarane sparte mykje pengar når dei kunne bruke dei eksisterande plattformene som mottakarar for olje og gass produsert ved hjelp av havbotninstallasjonar. Illustrasjon: Equinor
© Norsk Oljemuseum

Etter kvart som tilgangen på olje og gass som var tilgjengeleg gjennom boring- og brønnarbeid frå dei tre faste installasjonane, Gullfaks A, B og C gjekk ned, byrja ein å tenke på å bygge ut nokre av dei mange andre førekomstane i området.

Sidan det allereie eksisterte plattformer med personell, tilgjengeleg prosesskapasitet, lagringsplass for olje og infrastruktur for transport av olje og gass, var det naturleg å bygge ut dei nye felta ved hjelp av havbotnsbrønnar og brønnrammer.

Bore- og brønnarbeidet blei gjennomført av flyteriggar.

Gullfaks Sør

Gullveig, Rimfaks og Gullfaks Sør som viser på kartet ovanfor, samt Skinfaks og Gulltopp (bygd ut seinare) inngår alle i Gullfaks Sør, og blir rekna som funn under dette feltet.[REMOVE]Fotnote:«Gullfaks Sør» på Norsk Petroleum. https://www.norskpetroleum.no/fakta/felt/gullfaks-sor/  Lasta ned 7. januar 2026.

Gullfaks Sør er utbygd i fleire omgangar gjennom ulike planar for utbygging og drift.

Fellesnemninga Gullfaks Sør blir gjerne brukt for å skildre heile området, medan dei spesifikke namna blir brukt når ein ønsker å vere meir spesifikk.

Denne artikkelen er fyrste del i ein trilogi om fyrste fase i utbygginga av området sør for Gullfaks-plattformene. Gullveig, Rimfaks og Gullfaks Sør er definert som tre funn, men er alle ein del av feltet Gullfaks Sør. Dei blir gjerne òg omtalt som satellittar til Gullfaks.

Satellittfelt

Heile Gullfaks Sør (sjå faktaboks ovanfor) er eit døme på eit område som gjerne blir omtalt med ulike nemningar, som felt eller satellitt til Gullfaks. Dette kan vere noko forvirrande, men slår ein opp i ordboka ser ein at ei av forklaringa på ordet satellitt er at det er ei «eining eller eit geografisk område som er styrt av andre».[REMOVE]Fotnote:«Satellitt» på ordbøkene.no https://ordbokene.no/nno/bm,nn/satellitt  Lasta ned 7. januar 2026.

Dette passar godt for felta som produserer ved hjelp av havbotninstallasjonar, i og med at slik produksjon ikkje kan skje, med mindre det finst ein annan installasjon som kan ta imot brønnstraumen, prosessere den og transportere den.

Gullfaks Sør kan med andre ord seiast å vere både satellittar og felt, eller satellittfelt.

Den fyrste utbyggingsfasen handlar i all hovudsak om olje som blei sendt til Gullfaks A, medan den andre fasen grovt sett kan seiast å handle om gass som blei sendt til Gullfaks C.

Gullveig var fyrst

Gullveig kom, som nemnt, i produksjon i oktober 1999, etterfølgd av Rimfaks i februar 1999 og Gullfaks Sør i mars 1999 – alle bygd ut med undervassbrønnar.

Undervassbrønnar hadde blitt nytta før. Produksjonen på Gullfaks A i 1986 starta til dømes frå slike brønnar. Drygt ti år seinare hadde undervassteknologien blitt endå betre.

Utbygginga av satellittfelta i sør var pilot for det nye systemet Hinge Over Subsea Template (HOST). Ramma blei utvikla av Kongsberg Offshore i samarbeid med Statoil, Mobil, Elf og Shell, og kunne brukast på havdjup ned til 2500 meter.

Brønnramma er eit enkelt byggesett som enkelt kan tilpassast ulike område. Byggesettet er laga for at ideen enkelt skulle kunne demonstrerast for kundar. Kofferten er per 2026 utstilt på Norsk Oljemuseum. Foto: Bitmap ved Anne Lise Norheim/Equinor

HOST-systemet innebar ei innsparing på 50 prosent for brønnramme, ventiltre og kontrollsystem samanlikna med kva tilsvarande utbyggingar hadde kosta på Statfjordfeltet.[REMOVE]Fotnote: Bryne, Berit. «Møter framtiden under vann» i Statoil magasin (trykt utg.). 1999 Vol. 21 Nr. 2, s. 22.

Totalt blei 24 brønnar sett i produksjon i fase I, éi brønnramme på Gullveig, tre rammer på Rimfaks og fire på Gullfaks Sør.[REMOVE]Fotnote: Bryne, Berit. «Møter framtiden under vann» i Statoil magasin (trykt utg.). 1999 Vol. 21 Nr. 2, s. 22-23.

Ombygging på Gullfaks AProduksjonsstart for Rimfaks
Publisert 8. januar 2026   •   Oppdatert 9. januar 2026
© Norsk Oljemuseum
close Lukk