Produksjonsrekord
605 965 oljefat blei produsert denne oktoberdagen.[REMOVE]Fotnote: Equinor, «Gullfaks». https://www.equinor.com/no/energi/gullfaks Lasta ned 24. januar 2025. I oktober 1994 hadde det gått knappe fem år sidan den siste av Gullfaks-plattformene, Gullfaks C, blei sett i produksjon, og det var det året då Gullfaks produserte mest olje.
I juni 1994 leverte Gullfaks oljelast nummer 1000. Olja blei frakta til Mongstad av skipet «Polytrader». Milepælen blei markert med kake om bord.[REMOVE]Fotnote: Strilen, «Gullfaks-last nr. 1000 til Mongstad», 29. juni 1994, s. 10. Nasjonalbiblioteket.

Det var ikkje berre Gullfaksfeltet som sette produksjonsrekord i oktober 1994. Dei samla norske oljefelta produserte i den månaden i gjennomsnitt 2,71 millionar fat olje per dag, noko som var produksjonsrekord på norsk sokkel.[REMOVE]Fotnote: Saltnes, Oddvar. «Oppmuntrende oljehøst på norsk sokkel» i LO-aktuelt fri fagbevegelse. 1994 Vol. 89 Nr. 15. 1994, s. 40 og 41. Nasjonalbiblioteket.
Produksjonsstart for TordisFakkelen sløkka