Ombygging på Gullfaks A
I 1998 var Gullfaks A sin oljeproduksjon nede i 138 000 fat olje per dag, mot 209 000 fat per dag, som plattforma hadde produsert på det meste.[REMOVE]Fotnote: Åsland, Ragnar. «Raskere puls på Gullfaks A» i Status (Statoil: norsk): internavis for Statoil-ansatte. oktober 1998, s. 6. Produksjonsnedgang etter ei stund, er naturleg. At Gullfaks-plattformene etter kvart skulle kunne ta imot olje og gass frå omkringliggande felt, var derfor noko ein hadde tenkt på under bygginga av plattformene.
Betongplattformene blei derfor frå starten utstyrt med høg prosesskapasitet og god dekksplass, nettopp med tanke på framtidige utbyggingar, som til dømes Gullfaks Sør. Drygt ti år etter at Gullfaks A stod ferdig, blei noko av dekksplassen redusert.[REMOVE]Fotnote: Bryne, Berit. «Møter framtiden under vann» i Statoil magasin (trykt utg.). 1999 Vol. 21 Nr. 2, s. 19.
Sommaren 1997 blei to nye påbygg heist på plass på Gullfaks A. Modul M18 og M35 skulle gjere plattforma i stand til å ta imot brønnstraum frå 24 undervassbrønnar, frå satellittane Gullveig, Rimfaks og Gullfaks Sør[REMOVE]Fotnote: Bryne, Berit. «Møter framtiden under vann» i Statoil magasin (trykt utg.). 1999 Vol. 21 Nr. 2, s. 23.
Modulane var bygd av Kværner Oil & Gas AS, og var langt frå dei største som selskapet hadde levert. Storleiken var likevel ei utfordring. Mykje utstyr som skulle på plass på eit relativt lite område.[REMOVE]Fotnote: O&G intern: bedriftsavis for Kværner Oil & Gas a.s. 1997 Nr. 1.
Gullveig starta sin produksjon i 1998, medan Rimfaks og Gullfaks Sør starta opp i 1999.
Gullfaks Sør
Gullveig, Rimfaks og Gullfaks Sør som viser på kartet ovanfor, samt Skinfaks og Gulltopp (bygd ut seinare) inngår alle i Gullfaks Sør, og blir rekna som funn under dette feltet.[REMOVE]Fotnote:«Gullfaks Sør» på Norsk Petroleum. https://www.norskpetroleum.no/fakta/felt/gullfaks-sor/ Lasta ned 7. januar 2026.
Gullfaks Sør er utbygd i fleire omgangar gjennom ulike planar for utbygging og drift.
Fellesnemninga Gullfaks Sør blir gjerne brukt for å skildre heile området, medan dei spesifikke namna blir brukt når ein ønsker å vere meir spesifikk.

Satellittfelt
Heile Gullfaks Sør (sjå faktaboks ovanfor) er eit døme på eit område som gjerne blir omtalt med ulike nemningar, som felt eller satellitt til Gullfaks. Dette kan vere noko forvirrande, men slår ein opp i ordboka ser ein at ei av forklaringa på ordet satellitt er at det er ei «eining eller eit geografisk område som er styrt av andre».[REMOVE]Fotnote:«Satellitt» på ordbøkene.no https://ordbokene.no/nno/bm,nn/satellitt Lasta ned 7. januar 2026.
Dette passar godt for felta som produserer ved hjelp av havbotninstallasjonar, i og med at slik produksjon ikkje kan skje, med mindre det finst ein annan installasjon som kan ta imot brønnstraumen, prosessere den og transportere den.
Gullfaks Sør kan med andre ord seiast å vere både satellittar og felt, eller satellittfelt.
Ny brønnstraum
Den nye brønnstraumen som kom frå satellittane, så vel som frå Snorre, Tordis, Vigdis og Visund, innebar òg at det kom inn andre oljesortar enn dei Gullfaksfeltet sjølv hadde. Fleire oljesortar, samt meir gass, gjorde den prosesstekniske drifta meir krevjande.
I kontrollrommet merka dei til dømes at satellittolja var seigare og inneheldt meir voks. Olja måtte i enkelte tilfelle òg reise fleire kilometer før den kom opp på plattforma. Stort sett gjekk det likevel greitt å overvake trykk og temperatur frå dei nye brønnane, ved hjelp av to nye skjermar.

Spådommen i 1999 var at utan ny brønnstraum – i form av olje og gass – ville dei Gullfaks-tilsette så tidleg som i 2003 måtta planlegge for nedstenging. I staden fekk arbeidsplassen nytt liv.
Sjølv om dette nok bidrog til at ombygginga i stor grad blei sett på som positiv, var det samtidig ikkje slik at meirarbeidet førte til fleire tilsette.[REMOVE]Fotnote: Bryne, Berit. «Møter framtiden under vann» i Statoil magasin (trykt utg.). 1999 Vol. 21 Nr. 2, s. 20. Plattformsjef på Gullfaks A i 1998, Annas Bollmann, meinte at berre vedlikehaldet av det nye utstyret, ville utgjere ca. 10 000 ekstra årlege arbeidstimar.[REMOVE]Fotnote: Åsland, Ragnar. «Raskere puls på Gullfaks A» i Status (Statoil: norsk): internavis for Statoil-ansatte. oktober 1998, s. 6.
Parallelt med at fase I sin produksjon starta opp, starta arbeidet med ombygging, røyrlegging og bore- og brønnarbeid for fase II. Medan fyrste fase i stor grad handla om olje, stod gassen meir sentralt i den andre fasen. Ombygginga var i denne fasen størst på Gullfaks C.
Produksjonsstart for VigdisProduksjonsstart for Gullveig