Mistenkeleg godt øl

person Julia Stangeland
Alkohol er ikkje lov offshore, verken på skip, plattformer eller riggar. Høgtidsdagar og festdagar blir derfor gjerne markert med alkoholfritt øl. Dette var – trudde folk – òg tilfellet under ei 17. mai-feiring på Gullfaks B-plattforma tidleg på 2000-talet.
— På 17. mai blir «Ja vi elsker» spelt over høgtalar på heile plattforma. Heldigvis førte ikkje inntaket av alkoholhaldig øl til at nokon snubla i 17. mai-toget. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum
© Norsk Oljemuseum

– Eg kopla til krana og byrja å tappe i eit glas til meg sjølv fyrst. Eg måtte jo ta ein smak på dei edle dropane. Ølet var heilt perfekt, men eg syns det var noko mørkt og hadde alt for god smak til å vere alkoholfritt øl.

Dette fortel Rune Nesland Askekjær som denne 17. mai-kvelden var på dugnad for velferda. Han hadde fått rolla med å tappe opp det som skulle vere alkoholfritt øl, til kollegane sine. Mistanken om at det slett ikkje var tilfellet, tok han vidare til forpleiings- og administrasjonsleiar, Birger Sørland. Sørland skulle ringe til bryggeriet og undersøke, men det tok tid før han kom tilbake.

– Ja, ja, då er alt i orden, tenkte Nesland Askjeskjær, og haldt fram med å servere. – Eg fekk skryt for at det var det beste ølet dei hadde smakt på Gullfaks B, og nokon kom tilbake for ein ny runde.

Sørland kom omsider tilbake, andpusten og raud i ansiktet: – Rune, Rune, du må stenge tappekrana. Vi har fått feil sending. Det er Ringnes Gold Eksport [nå Ringnes Extra Gold] som er på fatet.

Nesland Askekjær foreslo at han kunne sei at tappekrana var blitt øydelagt, og at det resten av kvelden måtte bli Clausthaler på boks. Clausthaler blei det, men å stenge tappekrana var ikkje nok, meinte Sørland.

– Eg meir eller mindre røska bort glasa så ølet skvulpa over.

Beate Gunhild Thorsvik, som den gongen jobba som sørvismedarbeidar i forpleiinga på Gullfaks B, etterkom med det Sørland sin kommando om å kjapt samle inn alle glasa. Ho måtte deretter ringe til Gullfaks A for å høyre om dei òg hadde fått ekstra sterkt, alkoholholdig øl, framfor den alkoholfrie typen. Det hadde dei, men Thorsvik kan ikkje hugse om dei hadde byrja å drikke av det.

Thorsvik fortel vidare at Sørland nok var redd for kva som kunne skje viss folk blei brisne.     – Tenk om folk skada seg. Det hadde jo vore katastrofe.

Heldigvis blei det avverja. I staden blei det ei god historie – både til nattlunsjen og til andre samlingsstunder, ei historie om den gongen det blei serververt det som blei karakterisert som «jæv… godt øl».

Teksten er basert på skriftleg og munnleg kommunikasjon med Rune Nesland Askekjær og Beate Gunhild Thorsvik i november 2023.

Publisert 6. januar 2026   •   Oppdatert 9. januar 2026
© Norsk Oljemuseum
close Lukk