Lasting og lossing

person Julia Stangeland
Kranføraren, dekksbasen og skipsmannskapet er nokre av dei som speler ei rolle når lasting og lossing skal gjennomførast mellom båt og plattform. Ja, og så vêret og bølgjehøgda så klart.
Gullfaks A på feltet
— Optimale forhold for kranhiv. Foto: Øyvind Hagen/Equinor
© Norsk Oljemuseum

I sommarhalvåret når sola knapt går ned og ein nesten kan spegle seg i havoverflata, er det godt å vere kranførar. Når tåka ligg tett eller når vinterstormar herjar og bølgjene prøver å kile undersida av plattformdekket, då er det langt tøffare – òg for dei som ser plattforma frå eit skipsdekk.

Forsyningsskipet

«Viking Energy» er eit forsyningsskip som har frakta forsyningar til Equinor-opererte plattformer i over 20 år, til dømes til Statfjordfeltet og til Gullfaksfeltet.

17. september 2024 ligg skipet på Mongstad og får lasta dei siste konteinarane om bord og bunkra den siste bulklasta (flytande substansar) før skipet skal legge ut på den faste ruta til Gullfaksfeltet.[REMOVE]Fotnote: Delar av mannskapet om bord på «Viking Energy» i samtale med Shadé B. Martins og Julia Stangeland, 17. september 2024. Store delar av dette avsnittet baserer seg på denne samtalen.

Når sikta er så dårleg, er det umogleg for kranføraren å gjere jobben sin. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Det Eidesvik-eigde skipet har ein dekkskapasitet på om lag 1000 kvadratmeter, er 94,9 meter langt og har ei dødvekt[REMOVE]Fotnote: «Dødvekt er en måleenhet for hvor mye vekt et skip kan bære. Vekten består av selve lasten, drivstoff, ferskvansstanker, ballastproviantering, passasjerer, mannskap, utstyr og så videre.» Store norske leksikon på nett, «Dødvekt», https://snl.no/d%C3%B8dvekt  Lasta ned 15. november 2024. på 6013 MT (metriske tonn).[REMOVE]Fotnote: https://eidesvik.no/vessels/viking-energy/  Lasta ned 15. november 2024. Trass i storleiken er ikkje mannskapet denne dagen meir enn 15 personar, faktisk kan dei klare seg med 13.

Mannskapet arbeider fire veker på og fire veker av. Kvar fjortande dag mønstrar halve mannskapet av og blir erstatta av eit nytt mannskap. På den måten sikrar dei ein viss kontinuitet.

Forsyningsskipet Viking Energy ligger til kai på Mongstad forsyningsbase.
Berre 13 personar trengs om bord når «Viking Energy» skal segle tur/retur Mongstad-Gullfaksfeltet. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Dei som står på brua og sjekkar dei siste listene denne dagen, fortel at «Viking Energy» er godt likt på Gullfaksfeltet. Ifølgje dei ligg skipet stabilt i vatnet og toler derfor mykje vêr og vind.

Viss dei får lagt skipet i le for vinden, kan dei dessutan bruke plattforma til skjerming. Fordi plattformskafta ligg litt under plattformdekket, kan dei òg legge skipet litt under dekket viss det er behov for det. Dårleg vêr kan likevel vere røft for dei som skal kople konteinarane av og på plattformkrana.

I NRK-serien Oljeriket som handlar om livet om bord på Gullfaks C, kallar kranførar Kurt Breivik dekksmannskapet for dei siste cowboyane i Nordsjøen.[REMOVE]Fotnote: NRK. Oljeriket. 2005. 6. episode. Lasting og lossing er eit tema gjennom heile episoden. https://tv.nrk.no/serie/oljeriket/sesong/1/episode/PRHO97000604  Lasta ned 15. november 2024.

Mannskapet vi snakka med på «Viking Energy» understrekar at det er kranføraren som merkar dårleg vêr best.

Kranføraren

På Gullfaks C sit kranføraren 85 meter over havoverflata. Krana kan løfte konteinarar på opp til 50 tonn. Kranføraren merkar godt tyngda på konteinaren, og viss det blir for mykje vind kan det bli for farleg å gjennomføre hiv (kranløft).

Då legg ikkje skipa ut på reis til oljefelta. Etter ein lengre periode med storm, må plattformene ofte prioritere kva som hastar å få ut og kva som kan vente.

Nesten fullt dekk. Kanskje det akkurat har vore storm? Foto: Øyvind Hagen/Equinor

I sjette episode av Oljeriket er forsyning eit tema. Kranføraren Kurt Breivik speler ei hovudrolle når Gullfaks C mottar forsyningar frå «Viking Energy», som den gong var eit ganske nytt skip. Opptaket blei gjort etter ein stormperiode, og heller ikkje denne dagen er sjøen spesielt roleg.

Breivik fortel at last som skal overførast frå plattforma til skipet er den vanskelegaste.

Lasting eller lossing fra GFA.
Å plassere konteinarane ved av kvarandre er vanskeleg, særleg viss det stormar. Foto: Heino Maurer/Norsk Oljemuseum

Når båten gynger i bølgjene kan det vere vanskeleg å få plassert dei tunge konteinarane så beint som mogleg, utan å krasje i noko. I episoden ser vi korleis Breivik nesten tar sats når han styrer og korleis konteinarane smell inn i kvarandre medan han heiser ned returlast. Frå sin posisjon fleire titalsmeter over skipet ser alt lite ut. For ein person som ikkje er kranførar, er det nesten utruleg at konteinarane ikkje brasar inn i kvarandre oftare.

Som Yngvar Nåmdal frå elektro og automasjon sa det då representantar frå Norsk Oljemuseum besøkte Gullfaks A i juni 2024: – Det er fyrst når du ser forsyningsskipa på land, at du ser kor store dei faktisk er. Frå vårt perspektiv ser dei ganske små ut.[REMOVE]Fotnote: Yngvar Nåmdal, elektro og automasjon, i samtale med Ole Kvadsheim, Shadé B. Martins og Julia Stangeland, på Gullfaks A, torsdag 27. juni 2024.

Publisert 8. januar 2026   •   Oppdatert 12. januar 2026
© Norsk Oljemuseum
close Lukk