Ingen grunn til fritidsproblem
12 timars arbeidsdagar 14 dagar i strekk er standard for dei som arbeider på plattform eller rigg offshore. Sjølv om arbeidsdagane er lange er det likevel litt tid igjen, tid som – takka vere forpleiing – ikkje går med til matlaging, vasking eller oppvasken.
Fritida må på mange måtar utformast av dei som til ein kvar tid er om bord, men plattforma er òg bygd med tanke på fritid. Her finst det mellom anna salongar, pauserom, bibliotek og kinosal. I tillegg er det lagt til rette for trening.
Kondisjon og styrke
Dersom ein søker opp «trening» i gamle Status-blad og andre internaviser utgitt av Statoil/Equinor kjem det opp mange treff knytt til slikt som trening på farlege situasjonar, trening for å bli kjent med utstyret offshore og trening på ulike evakueringsøvingar. Men fleire av artiklane er òg retta mot fysisk trening spesielt og helsefremmande tiltak generelt.
Trening, helse og arbeidsmiljø blir òg nemnt i ei av brosjyrane som blir utdelt til folk som kjem ut til ein Equinor-installasjon for fyrste gong.

Mykje av lesestoffet er retta mot tilsette som arbeider offshore og korleis dei skal halde seg i form. Følgjeleg er det ikkje så rart at både Gullfaks A, B og C er utstyrt med treningsrom der ein kan trene både kondisjon og styrke.
I treningsromma kan ein trene på eiga hand, i mindre grupper eller bli med på fellestreningar, leia av ein kollega om bord.
Treningsutstyr finst òg plassert på strategiske stadar der det gjerne blir ein del stillesitting og der det kan vere godt å få rørt litt på seg, som til dømes i Kontrollrommet eller i vaskeriet. Målet er mellom anna å motverke skjelett- og muskelplagar som ikkje berre er eit problem i det norske samfunnet, men òg på plattforma, fortel ei av sjukepleiarane som arbeider på Gullfaks A, Anne Marthe Våge Djønne.[REMOVE]Fotnote: Sjukepleiar, Anne Marthe Våge Djønne, i samtale med Shadé B. Martins, Ole Kvadsheim og Julia Stangeland (alle Norsk Oljemuseum) om bord på Gullfaks A, 26. juni 2024.
Plattforma i seg sjølv kan brukast som eit treningslokale. Å gå plattforma rundt eller frå nedre dekk til toppen av helidekket er ei økt i seg sjølv. Då får ein ikkje berre rørt litt på seg, men ein får òg frisk luft.
På dagar med mykje vind og dårleg vêr, kan lufta kanskje bli litt vel frisk. Då kan det vere godt å trekke inn til golfsimulatoren i kinosalen eller praktisere hobbyar som inneber ein lågare puls.
Midt i blinken og skitt fiske
Det er ikkje berre golfferdigheitene som kan haldast ved like sjølv om ein held til på ei «øy» langt ute i havet, utan gras i sikte. På Gullfaks C har det vore/er det mogleg å trene framfor jaktsesongen, og om ein ikkje er jeger så kan fiske praktiserast. Og uavhengig av om det er førebuing til konkurranse eller berre fordi ein syns det er kjekt, er det fullt mogleg å konkurrere i både biljard og dart.

Ein kan òg lene seg heilt tilbake med eit strikketøy (garn finst det nok av) eller bli med på felles visningar av film. Ein kan sjå fjernsyn, lese ei bok eller trekke seg tilbake på lugaren, for å snakke litt med dei som er heime eller ta ein tidleg kveld.

Ei plattform er ikkje berre ein arbeidsplass, men òg ein stad der du skal bruke ein del av fritida di. Det er eit samfunn i miniatyr og akkurat som i større samfunn, finst det fleire ulike personlegdommar, både dei som har større behov for åleinetid, dei som har stort behov for sosialt fellesskap og dei som er litt midt imellom.
Fritid på dugnad
I det kollegiefellesskapet som finst på ei plattform, finst det gjerne òg nokon som tek litt ekstra tak i fellesskapet og fritida. Dei organiserer filmkveldar, stiller opp som spinningsinstruktørar eller er primus motor i knivklubben (ei gruppe som lagar, ikkje kastar knivar).

Nokon tek spontant initiativ til aktivitet, andre melder seg inn i velferden, ei gruppe som mellom anna tar i eit tak for å lage ei fin ramme rundt julefeiringa, 17. mai eller grillinga i juni.
Om det er ei rolle du har tatt eller eit verv du har blitt valt til, er det arbeid som blir gjort på dugnad, i fritida og for fritida.
