Produksjonsstart for RimfaksProduksjonsstart for Visund

Gullfaks Sør, fase I fullført

person Julia Stangeland
18. mars 1999 var det klart for nok ein milepæl. Snart ville Gullfaks Sør, fase I vere fullført.
— Tilføringa av M18 er ei av dei endringane som blei gjort på Gullfaks A, for at plattforma skulle kunne ta imot brønnstraum frå Gullfaks Sør.
© Norsk Oljemuseum

Oppstart for Gullfaks Sør kan seiast å vere 10. oktober 1998, med oppstarten av funnet Gullveig som inngår i feltet Gullfaks Sør.

Fase I av denne utbygginga skjedde etappevis og med ulike merkedatoar og milepælar, kanskje som eit høve for Gullfaks-lisensen og Statoil (i dag Equinor) til å feire seg sjølv og arbeidet som blei lagt ned.

18. mars starta altså den siste etappen. Det som forvirrande nok blir omtalt som Gullfaks Sør (sjå biletet og faktaboks) starta opp. Totalt skulle 24 brønnar produsere frå Gullfaks Sør, frå fire brønnrammer på Gullfaks Sør-funnet, tre rammer på Rimfaks og éi på Gullveig.[REMOVE]Fotnote: Bryne, Berit. «Møter framtiden under vann» i Statoil magasin (trykt utg.). 1999 Vol. 21 Nr. 2, s. 23.

Gullfaks Sør omfattar mellom anna funna Gullveig, Rimfaks og Gullfaks Sør, som alle blei utbygd i fyrste fase. Illustrasjon: Equinor

Gullfaks Sør

Gullveig, Rimfaks og Gullfaks Sør som viser på kartet ovanfor, samt Skinfaks og Gulltopp (bygd ut seinare) inngår alle i Gullfaks Sør, og blir rekna som funn under dette feltet.[REMOVE]Fotnote:«Gullfaks Sør» på Norsk Petroleum. https://www.norskpetroleum.no/fakta/felt/gullfaks-sor/  Lasta ned 7. januar 2026.

Gullfaks Sør er utbygd i fleire omgangar gjennom ulike planar for utbygging og drift.

Fellesnemninga Gullfaks Sør blir gjerne brukt for å skildre heile området, medan dei spesifikke namna blir brukt når ein ønsker å vere meir spesifikk.

Per april 1999 var fem satellittbrønnar i produksjon på Gullfaksfeltet. Utover våren og sommaren blei éin ny brønn i månaden sett i produksjon.

Brønnane som hovudsakleg skulle produsere olje, skulle alle sende olja si i røyr til Gullfaks A. Olja frå funna Gullveig og Rimfaks skulle fraktast gjennom åtte brønnstraumsrøyr som er mellom 10 og 18 kilometer lange. I Gullfaks Sør-funnet var olja derimot så vakshaldig at ein valte ei anna løysing.

Røyrbunten

Olja skulle fraktast gjennom eitt røyr i ein spesialutvikla røyrbunt. Som ein del av bunten blei det òg lagt inn andre røyr. Varmt spillvatn frå Gullfaks A blei sendt i små røyr som skulle sikre oppvarming av olja i det større røyret. Det skulle hindre at olja stivna. I røyrbunten låg det òg styrekablar, kjemikalie- og sørvislinjer og gassinjeksjonsrøyr.[REMOVE]Fotnote: Bryne, Berit. «Møter framtiden under vann» i Statoil magasin (trykt utg.). 1999 Vol. 21 Nr. 2, s. 20.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

I 2025 blei modellen gitt til Norsk Oljemuseum, som vil ta vare på den for ettertida.

Produksjonsstart for RimfaksProduksjonsstart for Visund
Publisert 8. januar 2026   •   Oppdatert 13. januar 2026
© Norsk Oljemuseum
close Lukk