«Oljeriket» – TV-serien om livet på Gullfaks CDa en russisk militærøvelse isolerte Gullfaks

Gullfaks frå Hydro til Statoil

person Julia Stangeland
1. oktober 2007 blei Hydro sin olje- og gassdivisjon overtatt av Statoil. Gullfaks-partnarane blei redusert frå tre til to.
— Så seint som i 2024 fanst det spor etter StatoilHydro på Gullfaks A. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum
© Norsk Oljemuseum

Statoil si overtaking av Norsk Hydro sin olje- og gassdivisjon var eit resultat av ei større omstrukturering i norsk oljeindustri, ei endring som hadde gått føre seg heilt sidan Saga Petroleum blei oppløyst i 1999.

I samband med fusjonen endra Statoil namn til StatoilHydro, ei endring som varte fram til 1. november 2009, då selskapet gjekk tilbake til å berre heitte Statoil.

Namneendringa var nok det som var mest merkbart for dei tilsette på dei tre Gullfaks-plattformene, all den tid skilt og arbeidsklede fekk nye logoar.

I styrerommet hadde StatoilHydro (seinare Statoil, deretter Equinor) sin eigardel auka frå 61 til 70 prosent, medan Petoro sin eigarpost stod fast på 30 prosent. Trass i at Statoil med denne eigarposten hadde reint fleirtal, kravde vedtektene framleis at minst to selskap måtte vere samde i alle avgjerder.

Denne situasjonen med tvungen semje var rådande fram til 2013. Då reduserte Statoil sin eigarpost med 19 prosentpoeng, til fordel for det austerrikske selskapet OMV.

«Oljeriket» – TV-serien om livet på Gullfaks CDa en russisk militærøvelse isolerte Gullfaks
Publisert 4. desember 2025   •   Oppdatert 4. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk