Offisiell åpning av Gullfaks AGullfaks C: Glid og mekanisk utrustning

Dåp av minstemann

person Julia Stangeland
Måndag 29. juni 1987 blei Gullfaks B døypt, som den mellomste og minste plattforma på Gullfaksfeltet.
— Sjølv om den var større enn dåpsbarn flest, var Gullfaks B likevel den minste av Gullfaksplattformene. Her frå Vats, dagar før dåpen. Foto: Øyvind Hagen/Equinor
© Norsk Oljemuseum

Rundt 30 personar såg då gudmor Eva Eriksen 29. juni 1987 knuste champagneflaska og med det døypte Gullfaks B. Frå tilsettinga i Statoil i 1973 hadde ho hatt ulike roller i selskapet. I 1987 kunne ho legge gudmor for Gullfaks B til på CV-en.[REMOVE]Fotnote: Morgenbladet, «Gullfaks B-dåp», 30. juni 1987, s. 5. 

«Minstemann på Gullfaks-feltet» kalla Haugesunds Avis Gullfaks B. Med 209 meter på «sokkellesten» (frå botn til toppen av flammebommen) var den likevel ikkje nokon lettvektar.[REMOVE]Fotnote: Teknisk Ukeblad på nett, «Dette er oljearbeidernes favorittplattformer», https://www.tu.no/artikler/dette-er-oljearbeidernes-favorittplattformer/225326  Lasta ned 27. januar 2025.

Statoil-veteran Eva Eriksen var gudmor for Gullfaks B. Her saman med Statoil-direktør i Bergen, Jakob Bleie. Foto: Arild Hinna/Equinor

Ved sida av Gullfaks A, som i 1987 allereie produserte  og Gullfaks C som blei sett i produksjon i desember 1989 , er Gullfaks B likevel den minste.

Gullfaks B var minst fordi den, i motsetnad til Gullfaks A og C, ikkje har eige prosessanlegg. Gullfaks B har heller ikkje eigne gassgeneratorar, men får straum frå Gullfaks A. Den har heller ikkje lagringstankar, men sender olja til Gullfaks A eller til Gullfaks C.

Etter dåpen åt Eriksen, vert og Statoil-direktør i Bergen, Jakob Bleie og dei andre gjestene lunsj. Dei 160 tilsette om bord på plattforma var blant lunsjgjestene. Det same var 450 Moss Rosenberg-arbeidarar som arbeidde med å sluttføre installasjonen.

Haugesunds Avis skriv at 1. august 1987 var sett som avreisedag frå Vats og ut til feltet.[REMOVE]Fotnote: Haugesund Avis, «Gullfaks B døpt i Vats», 30. juni 1987, s. 7. 

 

 

 

 

Offisiell åpning av Gullfaks AGullfaks C: Glid og mekanisk utrustning
Publisert 1. april 2024   •   Oppdatert 16. januar 2026
© Norsk Oljemuseum
close Lukk