«Blir det tåke på Tampen?»

person Julia Stangeland
Er berre eitt av fleire vêr-relaterte spørsmål som ofte blir stilt på Gullfaksfeltet.
Tåke gjør at vi bare så vidt skimter Gullfaks C. Fotografert fra Gullfaks A.
— Fyrst når tåka lettar, vil det igjen vere mogleg å stå på Gullfaks A og skimte Gullfaks C. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum
© Norsk Oljemuseum

Klokka er 07.00 og morgonmøtet er i gang på Gullfaks A. Eit 20-tals menneske er samla i eit større møterom om bord på plattforma. Resten av møtedeltakarane følgjer med på Teams, frå eige kontor eller frå eit samlingsrom i dei ulike avdelingane.

I løpet av det 10-15 minutt korte møtet blir dei viktigaste beskjedane levert. Kva er status om bord? Har det skjedd noko i løpet av natta som dagskiftet må få med seg? Finst det endringar som det er viktig at alle blir orientert om? Har det skjedd noko spesielt med Equinor som det er greitt at folk blir gjort kjent med?

Kanskje er det andre saker i nyheitsbiletet som det òg er greitt at folk får med seg?

Det korte møtet går mot slutten. Hovudverneombodet deler ut ei påminning knytt til sikkerheit og så blir det gitt ei kort vêrmelding.

Kor mykje vind blir det? Kor mange grader blir det? Blir det sol eller overskya eller blir det kanskje tåke? Har vêret endra seg frå det som blei sagt i går?

Eller for å stille spørsmålet på ein annan måte: Vil helikoptera gå og kan arbeidsoppgåver gjennomførast som planlagt?

Når vêret stoppar arbeidet

Majoriteten av varer som blir sendt til og frå plattformene offshore, blir frakta med skip. Vêret skal vere hardt før skipa ikkje kan gå, men kan spele ei rolle når varer skal lastast og lossast mellom plattforma og skipet. Her speler òg bølgjehøgda inn.REMOVE]Fotnote: Utfordringane med lasting og lossing av skip er eitt av temaa i 6. episode av NRK-serien, Oljeriket, frå 2005. https://tv.nrk.no/serie/oljeriket/sesong/1/episode/PRHO97000604  Lasta ned 16. august 2024.

Høgt oppe i heisekrana sit kranføraren og skal løfte opp og ned store og tunge konteinarar. Frå sin posisjon i krana ser menneska om bord i skipa ut som lego-menn og i tett tåke kan det vere umogleg å sjå dei i det heile. Under slike forhold kan ikkje varer flyttast.

Besøk i krane 2
Når tåka ligg tett er det ikkje mogleg å verken losse eller laste skip. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Mykje vind kan likeins gjere arbeidet utfordrande og farleg.

Under ugunstige vêrforhold er det ikkje anna å gjere enn å vente til tåka lettar og vinden løyar.

Venting er vanleg for dei som arbeider offshore. Dei ventar mellom anna på at bølgjene skal legge seg slik at dei kan arbeide på nedre boredekk, dei ventar på at olja kan lastast, på at heisekranane kan brukast og på at helikopteret skal gå.

Helikoptertrafikk og straumproduksjon

– Eg legg aldri avtalar til dagen etter at eg skal komme heim. Det må vere litt slingring i tilfelle helikopteret blir forsinka, fortel Yngvar Nåmdal som arbeider med elektro på Gullfaks A.[REMOVE]Fotnote: Yngvar Nåmdal i samtale med Julia Stangeland, Shadé B. Martins og Ole Kvadsheim på Gullfaks A, 27. juni 2024.

Tåke er, ifølgje fleire tilsette ved Gullfaks A, eit vanleg problem i Tampen-området der Gullfaksfeltet ligg.

"tolle" viser fram en håndholdt vindmåler. Anemometeret måler vindens hastighet, trykk og retning.
Helikopter landing officer (HLO), Tor Gunnar «Tolle» Groven må rapportere om både vind- og tåkeforholda til helikoptera som skal fly ut til Gullfaksfeltet. Her demonstrerer Groven ein handhalden vindmålar. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Når tåka ligg tett er helikopter landing officer (HLO), Tor Gunnar «Tolle» Groven og assistenten hans, Tommy Skjølingstad, på Gullfaks A, som to kirurgar før ein større operasjon. Dei kjem ikkje med garantiar for utfallet. Helikopteret vil komme til slutt, men dei kan ikkje seie noko sikkert om kva tid det vil skje.[REMOVE]Fotnote: Tor Gunnar «Tolle» Groven og Tommy Skjølingstad i samtale med Julia Stangeland, Shadé B. Martins og Ole Kvadsheim på Gullfaks A, 27. juni 2024.

Andre forhold som kan hindre helikoptertrafikken er bølgjehøgde (fordi helikopteret skal kunne nødlande sikkert på havet), vind og statisk aktivitet (lyn- og torevêr) i lufta.

Å bli sitjande fast på ei av Gullfaks-plattformene når du eigentleg skulle ha reist heim, kan vere keisamt, men at helikopteret ikkje kan gå, kan ved skade eller sjukdom få langt større konsekvensar.

Gullfaks C og Hywind Tampen, fotografert fra Gullfaks A.
Det bør vere så mykje vind at vindturbinane produserer energi, men ikkje så mykje at anna arbeid stoppar opp. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Det er lett å tenke at lite vind er det optimale offshore-vêret, men etter oppstarten av Hywind Tampen er det gunstig med såpass mykje vind at éin eller fleire av gassgeneratorane kan skrus av.

Når vêret speler ei så stor rolle er det ikkje å undrast over at det blir tema på meir enn eitt møte om bord. Eit av spørsmåla som særleg dei som snart skal heim, vil ha svar på er: «Blir det tåke på Tampen?»

Publisert 6. januar 2026   •   Oppdatert 13. januar 2026
© Norsk Oljemuseum
close Lukk