Dåp med dei nærmaste rundt segAker Stord vant slaget om C-dekket

Gullfaksfeltet neste stopp

person Julia Stangeland
5. mai 1986 la Gullfaks A-plattforma ut på si reise mot Gullfaksfeltet, kor den skulle produsere olje og gass dei neste 30 åra?
— Gullfaks A var eit majestetisk syn på si ferd frå Digernessundet og ut til Gullfaksfeltet. Foto: Leif Berge/Equinor
© Norsk Oljemuseum

Ein knapp månad etter at Gullfaks A blei døypt, var den 270 meter høge plattforma klar til å flyttast frå Digernessundet til Gullfaksfeltet, ei reise på 143 nautiske mil. Reisa var ekstra lang fordi plattforma på grunn av vassdjupne og andre forhold måtte ta ein omveg mot ope hav.

Fyrste etappe på reisa gjekk austover og inn i Bømlafjorden, før plattforma gjekk nordover og passerte Langenuen. Plattforma gjekk så endelege vestover, gjennom Selbjørnsfjorden og så rett nord-vest mot Gullfaksfeltet.

 

Slepet skulle eigentleg ha starta allereie sundag 4. mai, men sterk vind gjorde at ankerkjettingane fyrst blei kappa dagen etter.

Måndag 5. mai kunne endeleg dei åtte tauebåtane – fem til å dra og tre til å styre – gjere seg klare til å trekke Gullfaks A ut mot feltet. I 1986 var denne uttainga det største slepet som til då hadde blitt gjennomført i samband med utbyggingane i Nordsjøen.[REMOVE]Fotnote: «Med kurs for Gullfaks» i Haugesunds Avis, måndag 5. mai 1986, s. 2. Nasjonalbiblioteket. Seinare har dette blitt slått både av Gullfaks C og Troll A.

Fire dagar seinare, 9. mai, var Gullfaks A framme på feltet. Plattforma som under slepet hadde vore senka ned til 125 meters, skulle nå senkast ytterlegare 10 meter ned – til 135 meter som var vassdjupna på feltet.

200 000 tonn vatn skulle i løpet av dei neste to døgna pumpast inn i betongcellene, slik at stålskjørtet skulle senke seg ned i havbotnen.[REMOVE]Fotnote: «Gullfaks A framme på feltet» i Fædrelandsvennen, fredag 9. mai 1986, s. 17. Nasjonalbiblioteket.

Etter at plattforma var endeleg plassert på feltet, stod det att ytterlegare eit halvt års tid med fullføring, før plattforma kom i produksjon, 22. desember 1986. Oppstarten skjedde om lag eit halvt år før opphavleg oppstartsdato, mellom anna takka vere at Gullfaks A i starten produserte olje frå undervassbrønnar som ikkje var bora frå plattforma.

Det stod ikkje på innsatsen då fotograf Leif Berge og kollegane hans skulle forevige utslepet av Gullfaks A. Foto: Leif Berge/Equinor

30+

Gullfaks A går i januar 2026 inn i sitt 40. år som olje- og gassprodusent. I ein artikkel skriven i samband med at plattforma då hadde vore i produksjon i 30 år, står det at boringar på 1970-talet viste at ein stod overfor eit stort olje- og gassreservoar. Ingen hadde likevel trudd at ein ville kunne produsere i 40 år og meir.[REMOVE]Fotnote: «30 år med Gullfaks-olje». Artikkel publisert på Equinor si heimeside, 22. desember 2016. https://www.equinor.com/no/news/archive/30-years-gullfaks-oil Lasta ned 10. desember 2025.

Mykje av grunnen til at Gullfaks-plattformene har kunna produsere så lenge som dei har gjort, skuldast tilførsla av olje og gass frå andre funn, stort sett produsert ved hjelp av undervassbrønnar.

Per 2026 er tidshorisonten for Gullfaksfeltet, at feltet skal kunne produsere fram til 2040, noko som vil tilsvare ein endeleg produksjonsperiode på over 50 år.

Etter endt produksjonstid vil ståldekket og alle modulane bli fjerna, men kor vidt dette òg vil skje med understellet, står att å sjå.

Dåp med dei nærmaste rundt segAker Stord vant slaget om C-dekket
Publisert 15. oktober 2024   •   Oppdatert 15. januar 2026
© Norsk Oljemuseum
close Lukk